Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 20:3-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Folket i Benjamin fekk høyra at israelittane var farne opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det bar til med denne ugjerninga!»

4. Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til ords og sa: «Eg og fylgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta.

5. Men Gibea-mennene kom mot meg om natta og kringsette huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og fylgjekona mi valdtok dei, så ho døydde.

6. Då tok eg fylgjekona mi og lema henne sund og sende lutene kring i heile Israels land og rike. For dei hadde gjort ei ugjerning og eit skjemdarverk i Israel.

7. Når de no er samla her, alle Israels-menner, så kom fram med dykkar meining og gjev råd!»

8. Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til sitt telt eller fara heim til sitt hus.

9. Og såleis skal vi no gjera med Gibea: Vi kastar lodd om kven som skal gå mot byen,

10. og tek ut ti mann for kvart hundre av alle Israels ætter, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal henta mat til stridsmennene, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der lika for det skjemdarverket dei har gjort i Israel.»

11. Så samla dei seg, alle Israels-mennene, og drog mot byen, alle som ein.

12. Og Israels-ættene sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hjå dykk?

13. Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan slå dei i hel og rydja det vonde ut or Israel.» Men folket i Benjamin ville ikkje høyra på frendane sine, israelittane.

14. Frå alle byane sine kom dei saman i Gibea og ville dra i strid mot israelittane.