Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 20:23-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Dei gjekk opp til heilagdomen og gret for Herrens åsyn heilt til kvelds. Og dei spurde Herren: «Skal vi atter dra fram og strida mot frendane våre i Benjamin?» «Gå imot dei!» svara Herren.

24. Dagen etter gjekk israelittane mot Benjamins-mennene.

25. Og andre gongen kom Benjamin ut imot dei frå Gibea. Dei felte atter atten tusen israelittar, alle saman våpenføre menn.

26. Då drog heile Israels-hæren opp til Betel. Der sat dei gråtande for Herrens åsyn og fasta heile dagen, alt til kvelds. Dei bar fram brennoffer og måltidsoffer for Herren.

27. Og israelittane spurde Herren til råds, for den gongen stod Guds paktkiste der,

28. og Pinhas, son til Elasar og soneson til Aron, gjorde den tid teneste for Herrens åsyn. Dei spurde: «Skal vi endå ein gong dra ut i strid mot frendane våre i Benjamin, eller skal vi la det vera?» Og Herren svara: «Dra ut! I morgon vil eg gje dei i hendene dykkar.»

29. Då la israelittane folk i bakhald rundt ikring Gibea.

30. Tredje gongen drog israelittane mot Benjamin. Dei fylka seg og gjekk mot Gibea liksom dei førre gongene.

31. Benjamins-mennene kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei fyrst nokre av israelittane på landevegane som fører oppetter, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea; det var om lag tretti mann som fall.