Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 2:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal.

9. Dei gravla han på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres, i Efraims-fjella, nord for Ga’asj-fjellet.

10. Snart fór heile denne ættleden til fedrane sine. Og den nye ætta som voks opp, kjende ikkje Herren og visste ikkje kva han hadde gjort for Israel.

11. Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane

12. og vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut or Egypt. Dei heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolka. Dei bøygde seg for dei og tilbad dei og harma såleis Herren.

13. Dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bileta.

14. Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei. Han gav dei i hendene på uvenene deira rundt om, og dei kunne ikkje stå seg mot fiendane.

15. Kvar dei fór fram, var Herrens hand imot dei. Difor gjekk det dei ille, som Herren hadde sagt, og som han hadde svore. Og dei kom i stor naud.

16. Då lét Herren domarar stå fram, som berga dei frå røvarane.

17. Men dei lydde ikkje domarane sine heller. Trulause som dei var, heldt dei seg til andre gudar, bøygde seg for dei og tilbad dei, og snart veik dei av frå den vegen som fedrane deira hadde fylgt. For fedrane lydde Herrens bod, men det gjorde ikkje dei.

18. Kvar gong Herren lét ein domar stå fram mellom dei, var Herren med han og berga folket frå fiendane deira så lenge domaren levde. For Herren ynkast over dei når dei sukka og stunde fordi dei vart trælka og kua.

19. Men ikkje før var domaren borte, så bar dei seg atter ille åt, endå verre enn fedrane. Dei heldt seg til andre gudar, tente dei og tilbad dei, og dei gav ikkje opp sine vonde gjerningar og si trassige ferd.