Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 2:6-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då Josva hadde bede farvel med folket, fór israelittane kvar til sitt odelsland og skulle leggja det under seg.

7. Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle var til, dei som hadde levt lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.

8. Så døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal.