Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 2:4-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket.

5. Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

6. Då Josva hadde bede farvel med folket, fór israelittane kvar til sitt odelsland og skulle leggja det under seg.

7. Folket tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei gamle var til, dei som hadde levt lenger enn Josva og hadde sett alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.

8. Så døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal.

9. Dei gravla han på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres, i Efraims-fjella, nord for Ga’asj-fjellet.

10. Snart fór heile denne ættleden til fedrane sine. Og den nye ætta som voks opp, kjende ikkje Herren og visste ikkje kva han hadde gjort for Israel.

11. Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba’al-gudane

12. og vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, som hadde ført dei ut or Egypt. Dei heldt seg til andre gudar, gudane åt grannefolka. Dei bøygde seg for dei og tilbad dei og harma såleis Herren.

13. Dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bileta.

14. Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei. Han gav dei i hendene på uvenene deira rundt om, og dei kunne ikkje stå seg mot fiendane.