Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 2:1-2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk.

2. Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det?