Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 15:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Så gjekk han av og fanga tre hundre revar, fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar.

5. Og han kveikte eld i faklane og sleppte revane inn på åkrane åt filistarane. Såleis brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, og like eins vingardane og olivenhagane.

6. Filistarane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, versonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi verfaren tok kona hans og gav henne til bruresveinen.» Så fór filistarane opp og brende inne både kona og far hennar.

7. Då sa Samson til dei: «Er det slik de fer åt, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemnt meg på dykk.»

8. Og han slo dei så dei stupte i kross og krok, og det vart eit stort mannefall. Sidan fór han ned til Etam-juvet og gav seg til der.

9. No kom filistarane opp i Juda og leira seg der; og dei spreidde seg utover i Leki.

10. Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera like eins med han som han har gjort med oss.»

11. Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistarane rår her i landet? Kvifor har du då gjort oss dette?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, så har eg gjort mot dei.»

12. Då sa dei: «Vi er komne hit for å binda deg og gje deg i hendene på filistarane.» Samson sa: «Gjer eid på at de ikkje vil slå meg i hel.»