Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 1:6-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Adoni-Besek rømde; men dei sette etter han, tok han og hogg av han tommelfingrane og stortærne.

7. Då sa Adoni-Besek: «Sytti kongar med avhogne tommelfingrar og stortær sanka smular under mitt bord. No har Gud gjeve meg løn for det eg gjorde.» Så førte dei han til Jerusalem, og der døydde han.

8. Juda-sønene gjekk til åtak på Jerusalem og tok byen. Dei øydde han med odd og egg og sette eld på husa.

9. Sidan fór Juda-sønene ned og stridde mot kanaanearane som budde i fjellbygdene, i Negev og i Sjefela.

10. Fyrst gjekk dei mot kanaanearane i Hebron, som før i tida heitte Kirjat-Arba. Der slo dei Sjesjai, Akiman og Talmai.

11. Så gjekk dei mot Debir-buane. Debir heitte før i tida Kirjat-Sefer.

12. Då sa Kaleb: «Den som slår Kirjat-Sefer og tek byen, skal få Aksa, dotter mi, til kone.»

13. Otniel, son til Kenas, yngste bror til Kaleb, tok byen og fekk Aksa til kone.

14. Då ho skulle flytta heim til han, eggja ho han til å be far hennar om eit jordstykke. Som ho hoppa ned av eselet, spurde Kaleb henne: «Kva er det du vil?»

15. Ho svara: «Lat meg få ei avskilsgåve! Når du har gift meg bort til dette turre Negev-landet, får du gje meg vasskjelder òg.» Så gav Kaleb henne Øvrekjelda og Nedrekjelda.

16. Etterkomarane etter kenitten Hobab, verbror til Moses, fór med Juda-sønene opp frå Palmebyen til Juda-øydemarka sør for Arad og vart buande saman med folket der.

17. Juda gjekk med Simeon, bror sin, og dei vann over kanaanearane som budde i Sefat. Dei bannstøytte byen; difor kalla dei han Horma.

18. Så tok Juda Gasa, Asjkalon og Ekron med alt landet som låg til dei byane.