Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 9:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten

2. og bad om brev til synagogene i Damaskus. Han ville ha fullmakt til å føra alle han fann, både menn og kvinner som høyrde «vegen» til, i lekkjer til Jerusalem.

3. Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han.

4. Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?»

5. «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.

6. Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»

7. Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.

8. Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.

9. Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk.