Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 9:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten

2. og bad om brev til synagogene i Damaskus. Han ville ha fullmakt til å føra alle han fann, både menn og kvinner som høyrde «vegen» til, i lekkjer til Jerusalem.

3. Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han.

4. Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?»