Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 8:17-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. No la dei hendene på dei, og dei fekk Den Heilage Ande.

18. Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar

19. og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, får Den Heilage Ande!»

20. Men Peter sa til han: «Måtte både du og pengane dine forgå, sidan du tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar!

21. Du har ingen lut eller del i dette; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud.