Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 7:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Og Gud sa til han at ætta hans skulle halda til i eit framandt land, der dei skulle træla for folket og lida vondt i fire hundre år.

7. Men det folket dei skal træla for, vil eg døma, sa Gud, og så skal dei dra ut og halda gudsteneste på denne staden.

8. Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefedrane.

9. Fedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han

10. og berga han gjennom alle vanskar. Han lét han vinna godvilje og gjetord for visdom hjå farao, egyptarkongen; og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.

11. Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat.

12. Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit fyrste gongen.

13. Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.