Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 7:19-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp.

20. På den tid vart Moses fødd. Han var eit vent barn som Gud hadde hugnad i. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin.

21. Så vart han utsett. Men dotter til farao fann han og fostra han opp som sin eigen son.

22. Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han merkte seg ut både i ord og i gjerd.