Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 6:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Sjølve skal vi via oss til bøna og tenesta med Ordet.»

5. Dette framlegget vart godt motteke av alle som var samla. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokorus, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.

6. Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.

7. Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Jamvel ein stor flokk av prestane vart lydige mot trua.

8. Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket.

9. Då stod det fram nokre frå den synagoga som vart kalla synagoga for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar. Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus.