Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 5:8-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Peter spurde henne: «Var dette alt de fekk for jorda?» «Ja,» svara ho, «det var alt.»

9. Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de verta samde om å freista Herrens Ande? Høyr, utanfor døra kjem dei som har gravlagt mannen din, og no skal dei bera deg ut.»

10. Og straks seig ho saman ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne livlaus, og dei bar henne ut og gravla henne attmed mannen hennar.

11. Og det kom stor otte over heile kyrkjelyden og alle som høyrde om det.

12. Mange var dei teikn og under apostlane fekk makt til å gjera mellom folket. Og alle dei truande heldt saman og møttest i Salomos bogegang.

13. Ingen annan våga å vera saman med dei; men folket sette dei høgt.

14. Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til kyrkjelyden, menn og kvinner i stor mengd.

15. Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom.