Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 5:35-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. og tok så ordet: «Israelittar! Tenk dykk vel om før de gjer noko med desse mennene!

36. For ei tid sidan steig Teudas fram; han gav seg ut for å vera noko stort, og om lag fire hundre menn slo lag med han. Men han vart drepen, og heile flokken hans løyste seg opp og vart til inkjes.

37. Etter han, på den tid det var folketeljing, kom galilearen Judas. Han fekk folk med seg på eit opprør, men han miste livet, og alle som fylgde han, vart spreidde.

38. Og no seier eg dykk: Lat desse mennene vera! Lat dei gå! For dersom det dei tek seg føre, berre er menneskeverk, vert det ingenting av det.

39. Men er det av Gud, kan de ikkje stogga dei. Ta dykk i vare! Elles kunne det syna seg at de strider mot Gud.» Dei fylgde rådet hans

40. og kalla inn att apostlane, lét dei piska og forbaud dei å tala i Jesu namn. Så lét dei dei gå.

41. Dei gjekk bort frå Rådet, glade fordi dei var haldne verdige til å lida vanære for Jesu namn skuld.

42. Både i templet og i heimane heldt dei dag etter dag fram med å læra og forkynna den bodskapen at Jesus er Messias.