Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 5:3-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjarta ditt, så du laug for Den Heilage Ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di?

4. Kunne du ikkje ha halde på jorda di? Ho var då di. Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Korleis kunne du finna på å gjera dette? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.»

5. Då Ananias høyrde det, seig han saman og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det.

6. Nokre unge menn kom og sveipte inn liket. Så bar dei han ut og gravla han.

7. Ikring tre timar seinare kom kona hans inn; ho visste ikkje kva som hadde hendt.

8. Peter spurde henne: «Var dette alt de fekk for jorda?» «Ja,» svara ho, «det var alt.»

9. Då sa Peter til henne: «Korleis kunne de verta samde om å freista Herrens Ande? Høyr, utanfor døra kjem dei som har gravlagt mannen din, og no skal dei bera deg ut.»

10. Og straks seig ho saman ved føtene hans og døydde. Dei unge mennene kom inn og fann henne livlaus, og dei bar henne ut og gravla henne attmed mannen hennar.