Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 5:21-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Då dei høyrde desse orda, gjekk dei fram imot morgonen til templet, og der lærte dei folket.Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengslet etter apostlane.

22. Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane i fengslet. Dei kom attende og sa frå:

23. «Vi fann fengslet forsvarleg stengt, og vaktarane stod ved portane. Men då vi låste opp, fann vi ingen der inne.»

24. Denne meldinga gjorde hovdingen for tempelvakta og overprestane rådville, og dei spurde seg sjølve kva dette kunne føra til.

25. I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og lærer folket.»

26. Hovdingen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for at folket skulle steina dei.

27. Så tok dei dei med seg og førte dei fram for Rådet. Og øvstepresten tok til å spørja dei ut:

28. «Vi forbaud dykk strengt å læra i dette namnet. Og no har de spreitt læra dykkar over heile Jerusalem og vil gje oss skulda for at denne mannen døydde.»

29. Men Peter og dei andre apostlane svara: «Ein skal lyda Gud meir enn menneske!

30. Våre fedrars Gud reiste opp Jesus, han som de hengde på eit tre og tok livet av.

31. Han har Gud lyft opp og sett ved si høgre hand og gjort han til hovding og frelsar, så Israel kan førast til omvending og få tilgjeving for syndene.