Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 5:13-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Ingen annan våga å vera saman med dei; men folket sette dei høgt.

14. Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til kyrkjelyden, menn og kvinner i stor mengd.

15. Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom.

16. Jamvel frå byane kring Jerusalem kom det folk i mengd som bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.