Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 5:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Og det kom stor otte over heile kyrkjelyden og alle som høyrde om det.

12. Mange var dei teikn og under apostlane fekk makt til å gjera mellom folket. Og alle dei truande heldt saman og møttest i Salomos bogegang.

13. Ingen annan våga å vera saman med dei; men folket sette dei høgt.

14. Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til kyrkjelyden, menn og kvinner i stor mengd.

15. Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i alle fall skuggen av Peter kunne falla på dei når han gjekk framom.

16. Jamvel frå byane kring Jerusalem kom det folk i mengd som bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.

17. Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det er saddukearpartiet. Arge og sinte som dei var,

18. greip dei apostlane og kasta dei i byfengslet.

19. Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa:

20. «Gå og stell dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile bodskapen om livet!»

21. Då dei høyrde desse orda, gjekk dei fram imot morgonen til templet, og der lærte dei folket.Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengslet etter apostlane.

22. Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane i fengslet. Dei kom attende og sa frå: