Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 4:8-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!

9. Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt,

10. då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde.