Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 4:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dagen etter samla dei jødiske rådsherrane seg i Jerusalem saman med dei eldste og dei skriftlærde.

6. Øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var i slekt med øvstepresten.

7. Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?»

8. Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!

9. Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt,

10. då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde.

11. Han erden steinen som debygningsmenn vraka,men som har vorte hjørnestein.

12. Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.»