Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 4:33-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var oppstaden, og stor nåde var over dei alle.

34. Ingen av dei leid naud; for dei som åtte jord eller hus, selde det og kom med pengane

35. og la dei for føtene åt apostlane. Sidan fekk kvar einskild tiletla det han trong.

36. Det var ein mann frå Kypros, ein levitt som heitte Josef. Av apostlane hadde han fått tilnamnet Barnabas – det tyder trøystarsonen.

37. Han åtte ein åker; den selde han og kom med pengane og la dei fram for apostlane.