Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 4:22-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet.

23. Som dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt.

24. Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle samhuga i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er,

25. du tala ved Den Heilage Ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia:Kvifor rasa folkeslaga?Kvifor la folka ¬gagnlause planar?

26. Kongane på jorda reiste seg,og fyrstane slo seg samanmot Herren ¬og den han har salva.

27. Ja, det skal vera visst: I denne byen slo dei seg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva, både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels ætter,

28. og gjorde det som du i di makt og etter din plan hadde fastsett.

29. Og no, Herre, hald auga med trugsmåla deira, og lat tenarane dine forkynna ditt ord med frimod!

30. Rett ut di hand til å lækja og gjera teikn og under i namnet åt Jesus, din heilage tenar!»

31. Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod.