Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 4:19-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett for Gud å lyda dykk meir enn han.

20. Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.»

21. Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, av di alt folket lova Gud for det som hadde hendt.

22. Han var då meir enn førti år den mannen som hadde vorte lækt ved dette underet.

23. Som dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt.