Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 4:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Medan dei tala til folket, kom brått prestane bortåt saman med hovdingen for tempelvakta og saddukearane.

2. Dei var harme fordi dei lærte folket og forkynte at dei døde skal stå opp, og viste til det som hadde hendt med Jesus.

3. Dei greip dei og sette dei i fengsel til dagen etter; for det var alt seine kvelden.

4. Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru, og talet på menn steig til ikring fem tusen.

5. Dagen etter samla dei jødiske rådsherrane seg i Jerusalem saman med dei eldste og dei skriftlærde.

6. Øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var i slekt med øvstepresten.

7. Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Kva for kraft og kva for namn gav dykk makt til å gjera dette?»

8. Då vart Peter fylt av Den Heilage Ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!

9. Når vi i dag vert forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt,

10. då skal de alle og heile Israels-folket vita: Når denne mannen står frisk framfor dykk, så er det ved namnet åt Jesus Kristus, nasarearen, han som de krossfeste, men som Gud reiste opp frå dei døde.

11. Han erden steinen som debygningsmenn vraka,men som har vorte hjørnestein.

12. Det er ikkje frelse i nokon annan; for det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.»

13. Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei drog kjensel på dei, at dei hadde vore i lag med Jesus.