Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 27:15-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Skipet vart rive med; det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.

16. Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Klauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten.

17. Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei til naudhjelp og surra skipet med tog. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebukta; difor lét dei drivankeret gå, og såleis dreiv dei.

18. Men stormen heldt fram med ofse, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen.