Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 26:8-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Kvifor held dei det for utruleg hjå dykk at Gud vekkjer opp att menneske som er døde?

9. Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot namnet åt nasarearen Jesus.

10. Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel; og var det tale om å avretta dei, røysta eg for.