Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 26:29-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Paulus svara: «Mitt ynske til Gud er at både du og alle som høyrer meg i dag, no eller seinare må verta som eg, men utan desse lekkjene.»

30. Så reiste dei seg, både kongen og landshovdingen og Berenike og dei andre som sat der.

31. Og medan dei gjekk ut, tala dei med kvarandre og sa: «Den mannen har ikkje gjort noko som han bør lata livet eller sitja i fengsel for.»

32. Og Agrippa sa til Festus:»Han kunne ha vorte sett fri, om han ikkje hadde anka til keisaren.»