Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 25:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hjå jødane fram med klagemål mot han og bad om å få han dømd.

16. Eg svara at romarane ikkje har for vis å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot klagemålet.

17. Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge; alt dagen etter sette eg meg i domarsetet og baud at mannen skulle førast fram.

18. Klagarane samla seg ikring han; men dei kom ikkje med skuldingar for brotsverk, som eg hadde tenkt meg.

19. Det var berre nokre spørsmål i deira eigen religion dei var usamde med han om, og om ein som heitte Jesus, som er død, men som Paulus meiner lever.

20. Eg visste ikkje korleis eg skulle ta ei sak som denne, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der.

21. Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle verta sitjande til eg får sendt han til keisaren.»

22. «Den mannen har eg òg hug til å høyra,» sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han,» svara Festus.