Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 24:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja klagemålet mot Paulus fram for landshovdingen.

2. Paulus vart henta, og Tertullus tok til med klagemålet:«Høgvørde Feliks! Vi har deg å takka for at det rår ro og fred alle stader, og ditt kloke styre har gjort at dette folket har fått betre kår.

3. I djup takksemd ser og skjønar vi dette, alltid og alle stader.

4. Men eg skal ikkje hefta deg lenge. Difor bed eg om at du, velviljug som du er, vil høyra på oss ei lita stund.

5. Det har synt seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarear-sekta.

6. Han har jamvel freista å vanhelga templet, og det var der vi greip han. Vi ville døma han etter lova vår,

7. men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut or hendene våre og førte han bort;

8. og til dei som klaga på han, sa han at dei skulle gå til deg. No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du nok greie på kva det er vi klagar han for.»

9. Jødane stødde han og sa at såleis var det.

10. Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:Eg veit at du har vore domar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg.

11. Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem og ville tilbe der.

12. Og ingen har sett meg ordskiftast med nokon eller eggja opp folk, korkje i templet eller i synagogene eller nokon annan stad i byen.

13. Heller ikkje kan dei prova for deg det dei no klagar meg for.