Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 22:18-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Eg såg han, og han sa til meg: «Skunda deg! Far bort frå Jerusalem så snøgt du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.»

19. «Herre,» svara eg, «dei veit sjølve at eg fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei verta piska kring i synagogene.

20. Og då blodet til Stefanus, vitnet ditt, rann, stod eg òg der. Eg var samd med dei som drap han, og tok vare på kleda deira.»