Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 21:8-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hjå evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hjå han.

9. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10. Som vi no drygde der nokre dagar, kom det ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea.

11. Han kom til oss, tok beltet åt Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den Heilage Ande: Slik skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og gje han i hendene på heidningane.»

12. Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem.

13. Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjarta? Eg er budd, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for namnet åt Herren Jesus.»

14. Og sidan han ikkje lét seg overtelja, slo vi oss til ro og sa: «Herrens vilje råde!»

15. Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.

16. Nokre av læresveinane i Cæsarea slo lag med oss og fylgde oss til Mnason frå Kypros, ein av dei aller fyrste læresveinane; hjå han skulle vi bu.

17. Då vi kom til Jerusalem, tok brørne imot oss med glede.

18. Dagen etter gjekk Paulus saman med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste.

19. Han helsa på dei og fortalde nøye om det Gud hadde bruka han til å gjera mellom heidningane.

20. Då dei høyrde det, lova dei Gud. Men så sa dei til han: «Du veit, bror, at mange tusen jødar er komne til tru, og alle held dei strengt på lova.

21. Men no har dei høyrt om deg at du lærer alle jødar som bur mellom heidningane, å venda seg frå Moses, og seier at dei ikkje skal omskjera borna sine og ikkje leva etter dei gamle skikkane.

22. Kva skal vi gjera? Alle kjem til å få høyra at du er komen.

23. Gjer no det vi seier deg. Her er fire menn som har bunde seg med ein lovnad.