Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 21:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Då vi hadde vore der dei dagane til endes, heldt vi fram på ferda. Alle fylgde oss ut or byen, med koner og born. På stranda bøygde vi kne og bad.

6. Sidan sa vi farvel til kvarandre; vi gjekk om bord i skipet, og dei vende heim att til seg.

7. Så fór vi frå Tyrus til Ptolemais og hadde då enda sjøferda. Vi helsa på brørne der og var ein dag hjå dei.

8. Dagen etter drog vi derifrå og kom til Cæsarea. Der tok vi inn hjå evangelisten Filip, ein av dei sju, og vart buande hjå han.

9. Han hadde fire ugifte døtrer som hadde profetgåve.

10. Som vi no drygde der nokre dagar, kom det ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea.

11. Han kom til oss, tok beltet åt Paulus, batt hendene og føtene sine med det og sa: «Så seier Den Heilage Ande: Slik skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og gje han i hendene på heidningane.»

12. Då vi høyrde det, bad vi Paulus, både vi og dei som budde der, at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem.

13. Men Paulus svara: «Kvifor græt de og gjer meg tung om hjarta? Eg er budd, ikkje berre til å la meg binda, men òg til å døy i Jerusalem for namnet åt Herren Jesus.»

14. Og sidan han ikkje lét seg overtelja, slo vi oss til ro og sa: «Herrens vilje råde!»

15. Då desse dagane var lidne, gjorde vi oss ferdige og drog opp til Jerusalem.