Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 21:36-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

36. for heile folkemengda fylgde etter og skreik: «Drep han!»

37. Då dei skulle til å gå inn i borga, sa Paulus til kommandanten: «Får eg lov til å tala eit ord med deg?» Han svara: «Kan du gresk?

38. Så er du då ikkje den egyptaren som for ei tid sidan gjorde opprør og førte dei fire tusen knivstikkarane ut i øydemarka?»

39. «Eg er ein jøde,» sa Paulus, «og høyrer heime i Tarsus, denne velkjende byen i Kilikia. Eg bed deg: Lat meg få tala til folket!»