Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 21:28-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. og skreik: «Israelittar, kom og hjelp! Her er den mannen som lærer alle, kvar han kjem, slikt som er imot folket og lova og denne staden. No har han jamvel teke grekarar med seg inn i templet og vanhelga denne heilage staden.»

29. For dei hadde alt sett Trofimus frå Efesos saman med han i byen, og så trudde dei at Paulus hadde teke han med seg til templet.

30. Uroa breidde seg over heile byen, og folk stima saman. Dei tok Paulus og drog han ut frå tempelplassen, og med det same vart portane stengde.

31. Dei heldt mest på å slå han i hel då kommandanten for garnisonen fekk melding om at heile Jerusalem var i ei røre.

32. Han tok straks med seg soldatar og offiserar og sprang ned til dei. Då dei såg kommandanten og soldatane, heldt dei opp med å slå Paulus.

33. Kommandanten gjekk bortåt; han lét mennene sine gripa Paulus, og baud at han skulle bindast med to lekkjer. Så spurde han kven han var, og kva han hadde gjort.

34. Men i folkehopen ropa somme eitt og somme noko anna, og då det var slikt ståk at han ikkje kunne få skikkeleg greie på noko som helst, baud han at Paulus skulle førast inn i borga.