Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 21:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då vi hadde rive oss laus frå dei, la vi frå land og siglde beint til Kos, dagen etter til Rhodos og derifrå til Patara.

2. Der fann vi eit skip som skulle over til Fønikia. Vi gjekk om bord og la ut att.

3. Då vi fekk Kypros i syne, heldt vi til høgre for øya og siglde mot Syria. I Tyrus la vi til lands; for der skulle skipet lossa.

4. Vi leita opp læresveinane og vart verande der i sju dagar. Drivne av Anden sa dei til Paulus at han ikkje måtte fara opp til Jerusalem.