Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 20:4-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrrus, Aristark og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe og Timoteus, og frå Asia Tykikus og Trofimus.

5. Desse fór føre og venta på oss i Troas.

6. Vi andre siglde ut frå Filippi straks etter usyrdebrødshelga, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der drygde vi ei veke.

7. Fyrste dagen i veka var vi samla og skulle bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.

8. Det var mange lamper i den salen der vi var samla.

9. Ein ung gut som heitte Eutykus, sat i vindauga. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup svevn, og i svevnen datt han ut gjennom vindauga frå tredje høgda. Han var livlaus då dei tok han opp.

10. Men Paulus gjekk ned, la seg over han og slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.»

11. Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det ljosna. Då tok han ut.

12. Guten leidde dei heim levande, og var storleg trøysta.

13. Imedan hadde vi gått om bord i skipet og siglde til Assos. Der skulle vi ta Paulus med, som han hadde sagt frå om; for dit ville han gå til fots.

14. Då han møtte oss i Assos, tok vi han om bord og fór så til Mitylene.

15. Dagen etter siglde vi derifrå og kom på høgd med Kios. Andre dagen heldt vi fram til Samos, og dagen deretter nådde vi Milet.

16. For Paulus hadde sett seg føre å sigla utanom Efesos, så han ikkje skulle verta heft i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.