Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 20:29-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken.

30. Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg.

31. Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein.

32. Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.

33. Eg har aldri trått etter sølv eller gull eller klede frå noko menneske.

34. De veit sjølve at eg med desse hendene mine har sytt for det vi trong, både eg og dei som var med meg.

35. Alltid har eg vist dykk at såleis må vi arbeida, så vi kan ta oss av dei veike. Lat oss minnast Herren Jesu ord: Det er sælare å gje enn å få.

36. Då han hadde sagt dette, bøygde han kne saman med dei alle og bad.

37. Då brast dei alle i gråt, og dei tok Paulus om halsen og kyste han.