Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 20:16-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. For Paulus hadde sett seg føre å sigla utanom Efesos, så han ikkje skulle verta heft i Asia. Han skunda på for å nå fram til Jerusalem til pinsedagen, om det var råd.

17. Frå Milet sende han bod til Efesos og kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden.

18. Og då dei kom, tala han til dei:De veit korleis eg har levt all den tid eg har vore saman med dykk, frå den fyrste dagen eg sette foten i Asia.

19. Eg har tent Herren audmjukt og med tårer i alle dei prøvingar som jødane har ført over meg med dei vonde planane sine.

20. De veit at eg ikkje har halde att noko av det som kunne gagna dykk; men eg har forkynt dykk det og lært dykk det både ute blant folket og i heimane.

21. Eg har vitna både for jødar og grekarar om omvendinga til Gud og trua på vår Herre Jesus Kristus.

22. Og no fer eg til Jerusalem, bunden av Anden. Kva som skal møta meg der, veit eg ikkje.

23. Men Den Heilage Ande vitnar for meg i by etter by at det ventar meg lekkjer og vanskar.

24. Men ikkje det grann vørder eg livet mitt, berre eg kan fullføra laupet og den tenesta eg fekk av Herren Jesus: å vitna om evangeliet om Guds nåde.

25. Og no veit eg at de aldri meir skal sjå meg, alle de som eg har vore saman med og forkynt riket for.

26. Difor vitnar eg for dykk i dag at eg er utan skuld om nokon taper livet sitt;

27. for ikkje på nokon måte har eg forsømt å forkynna heile Guds råd og vilje.

28. Ta vare på dykk sjølve og på heile den hjord som Den Heilage Ande har sett dykk til å vera tilsynsmenn for! Ver hyrdingar for Guds kyrkjelyd, som han vann med sitt eige blod!

29. For eg veit at når eg er borte, vil det koma inn iblant dykk grådige ulvar, som ikkje sparer flokken.

30. Og mellom dykk sjølve skal det stå fram menn som fer med rang lære og vil lokka læresveinane med seg.

31. Så vak då, og kom i hug at eg i tre år, natt og dag, alt i eitt med tårer i augo talde for kvar einaste ein.

32. Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga.