Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 20:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då ståket hadde stilna, sende Paulus bod etter læresveinane og sette mot i dei. Så bad han farvel og tok ut; no ville han fara til Makedonia.

2. På ferda gjennom desse bygdene tala han mykje som var til trøyst og kveik for dei truande. Han kom så til Hellas,

3. og der vart han verande i tre månader. Då han skulle fara derifrå og til Syria, fekk jødane til ei samansverjing mot han; difor sette han seg føre å venda attende gjennom Makedonia.

4. Saman med han på ferda var Sopatros frå Berøa, son til Pyrrus, Aristark og Sekundus frå Tessalonika, Gaius frå Derbe og Timoteus, og frå Asia Tykikus og Trofimus.

5. Desse fór føre og venta på oss i Troas.

6. Vi andre siglde ut frå Filippi straks etter usyrdebrødshelga, og fem dagar etter møtte vi dei i Troas. Der drygde vi ei veke.

7. Fyrste dagen i veka var vi samla og skulle bryta brødet. Paulus tala til dei, og han heldt på heilt til midnatt, sidan han skulle reisa dagen etter.

8. Det var mange lamper i den salen der vi var samla.

9. Ein ung gut som heitte Eutykus, sat i vindauga. Då Paulus tala så lenge, fall han i djup svevn, og i svevnen datt han ut gjennom vindauga frå tredje høgda. Han var livlaus då dei tok han opp.

10. Men Paulus gjekk ned, la seg over han og slo armane kring han og sa: «Ver ikkje redde! Det er liv i han.»

11. Så gjekk han opp att, braut brødet og åt, og tala endå lenge, heilt til det ljosna. Då tok han ut.