Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 2:33-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

33. Han vart opphøgd til Guds høgre hand og fekk av Faderen Den Heilage Ande, som var lova, og den har han rent ut. Det er dette de ser og høyrer.

34. For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier:Herren sa til min herre:Set deg ved mi høgre hand

35. til eg får lagt dine fiendartil skammel for dine føter!

36. Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias.

37. Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: «Kva skal vi gjera, brør?»

38. Peter svara: «Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve.

39. For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.»

40. Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: «Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!»

41. Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden.

42. Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene.

43. Det kom otte over dei alle, og mange var dei under og teikn apostlane gjorde.

44. Alle som var komne til tru, heldt saman og hadde alt i lag.

45. Dei selde eigedomane sine og anna gods og delte ut til alle etter som kvar trong det.

46. Dei heldt saman, og kvar dag samla dei seg trufast på tempelplassen; i heimane braut dei brødet, og dei åt i lag med ekte og inderleg glede.