Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 2:12-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: «Kva kan dette vera?»

13. Men nokre spotta og sa: «Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!»

14. Då steig Peter fram saman med dei elleve, tok til ords og tala til dei:Jødiske menn og alle de som bur i Jerusalem! Lat meg få seia dykk kva dette er. Lyd vel etter orda mine!

15. Desse mennene er ikkje drukne, som de trur. Det er då berre tredje timen på dagen.

16. Men dette er det som er sagt gjennom profeten Joel:

17. I dei siste dagar skal det henda, ¬seier Gud,at eg renner ut min Ande ¬over alle menneske.Sønene og døtrene dykkar ¬skal tala profetord,dei unge mennene ¬skal sjå syner,og dei gamle mellom dykk ¬skal ha draumar.

18. Jamvel over trælane ¬og trælkvinnene minevil eg renna ut min Ande ¬i dei dagar,og dei skal tala profetisk.

19. Eg lèt teikn syna seg ¬oppe på himmelenog teikn nede på jorda:blod og eld og røykskyer.

20. Sola skal mørkjastog månen verta som blod,før Herrens dag kjem, ¬den store og strålande.

21. Og kvar den som kallar ¬på Herrens namn,skal verta frelst.

22. Høyr desse ord, de israelittar! Jesus frå Nasaret var ein mann som Gud peika ut for dykk med mektige gjerningar og under og teikn, som Gud lét han gjera mellom dykk, og som de kjenner til.