Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 18:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men er det strid om ei lære og om namn og om dykkar eiga lov, så får de greia opp med det sjølve. Eg vil ikkje vera domar i slike saker.»

16. Dermed jaga han dei bort frå domstolen.

17. Då tok alle fatt i synagogeforstandaren Sostenes og banka han opp midt framfor domarsetet. Men Gallio brydde seg ikkje det minste om det.

18. Endå ei tid vart Paulus verande der. Så sa han farvel til brørne og siglde til Syria saman med Priskilla og Akvilas. Men fyrst klypte han håret i Kenkreæ; for han hadde ein lovnad på seg.

19. Då dei kom til Efesos, skilde Paulus lag med dei andre; han gjekk til synagoga og gav seg i samtale med jødane.

20. Dei bad han vera lenger, men det ville han ikkje.

21. Då han tok avskil, sa han til dei: «Eg kjem til dykk ein annan gong, om Gud vil.» Så la han ut frå Efesos.

22. Då han kom til Cæsarea, gjekk han opp og helsa på kyrkjelyden. Så fór han ned til Antiokia.