Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 17:4-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Nokre av dei vart overtydde og gav seg i lag med Paulus og Silas. Det same gjorde ein stor flokk grekarar, av dei som trudde på Israels Gud, og ikkje få av dei fremste kvinnene.

5. Dette gjorde jødane arge i hugen, og dei fekk med seg nokre ringe karar av dei som gjekk og slong på torget, og laga eit opplaup som sette byen i røre. Dei storma mot huset til Jason og leita etter dei og ville føra dei ut til folkehopen.

6. Men då dei ikkje fann dei, drog dei Jason og nokre av brørne med seg til domarane og ropa: «No er dei komne hit òg, desse som har sett heile verda i opprør,

7. og Jason har teke imot dei! Dei gjer alle tvert imot påboda frå keisaren og seier at ein annan, ein som heiter Jesus, er konge.»

8. Då folkehopen og domarane høyrde det, vart dei skræmde;

9. og Jason og dei andre fekk ikkje gå før dei hadde gjeve ein pengesum i trygd.

10. Så snart det vart natt, sende brørne Paulus og Silas av stad til Berøa. Då dei kom dit, gjekk dei bort i synagoga åt jødane.

11. Jødane der hadde eit gjævare huglag enn dei i Tessalonika; dei tok imot Ordet med all godhug, og granska dagleg skriftene og såg etter om det hadde seg så.

12. Mange av dei kom då til tru, og ikkje få av dei gjævaste greske kvinnene og mennene.

13. Men då jødane i Tessalonika fekk høyra at Paulus forkynte Guds ord i Berøa òg, kom dei dit med og øste opp folk og laga bråk.

14. Då sende brørne Paulus av stad med ein gong; han skulle fara ned til sjøen. Men Silas og Timoteus vart att i Berøa.

15. Dei som fylgde Paulus, var med han til Aten og fór så heim att med det bodet til Silas og Timoteus at dei skulle koma til han snarast råd.

16. Medan Paulus venta på dei i Aten, vart han harm i hugen då han såg at byen var overfylt med gudebilete.

17. I synagoga tala han med jødane og med dei som trudde på Gud, og på torget tala han kvar dag med dei han råka.

18. Nokre epikureiske og stoiske filosofar gav seg i ordskifte med han, og somme sa: «Kva kan han vel meina, denne pratmakaren?» Andre sa: «Det er likt til at han forkynner framande gudar.» Det var fordi han forkynte evangeliet om Jesus og oppstoda.