Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 16:15-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Då så ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim i huset mitt og gjev dykk til der!» Og ho nøydde oss til det.

16. Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei tenestjente som hadde ei spådomsånd i seg og tente mange pengar til husbondsfolket sitt med å spå.

17. Ho fylgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Den Høgste Gud, og dei lærer dykk vegen til frelse.»

18. Dette gjorde ho dag etter dag. Då vart Paulus harm; han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut med ein gong.

19. Men då husbondsfolket åt jenta skjøna at det ikkje var von om meir vinning, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til byretten, som heldt til på torget.