Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 15:30-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

30. Så sende dei mennene av stad, og dei kom til Antiokia. Der kalla dei saman kyrkjelyden og gav dei brevet.

31. Dei las det og vart glade for den trøysta det gav.

32. Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala ofte til brørne, sette mot i dei og styrkte dei.

33. Då dei hadde vore der ei tid, lét brørne dei fara heim att og ynskte dei lukke på ferda.

34. Men Silas rådde seg til å vera att.

35. Men Paulus og Barnabas gav seg til i Antiokia og lærte og forkynte Herrens ord saman med mange andre.

36. Då det leid av ei tid, sa Paulus til Barnabas: «Lat oss fara attende og vitja brørne i alle dei byane der vi har forkynt Herrens ord, og sjå korleis det går dei.»

37. Barnabas ville ta Johannes med, han som dei kalla Markus.