Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 15:23-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

23. Med dei sende dei dette brevet:Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar brørne av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia.

24. Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville med orda sine og gjort dykk urolege. Frå oss har dei inga fullmakt.

25. Difor har vi samrøystes vedteke å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,

26. menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn.

27. Så sender vi Judas og Silas; dei skal munnleg bera fram det som står i brevet.

28. Den Heilage Ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk andre bører enn det som er naudsynt:

29. at de held dykk frå offerkjøtet åt heidningane, frå blod, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå hor. Tek de dykk i vare for slikt, kjem det til å gå dykk godt. Lev vel!

30. Så sende dei mennene av stad, og dei kom til Antiokia. Der kalla dei saman kyrkjelyden og gav dei brevet.

31. Dei las det og vart glade for den trøysta det gav.

32. Judas og Silas, som sjølve var profetar, tala ofte til brørne, sette mot i dei og styrkte dei.

33. Då dei hadde vore der ei tid, lét brørne dei fara heim att og ynskte dei lukke på ferda.

34. Men Silas rådde seg til å vera att.