Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 15:20-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod.

21. For Moses har frå gamal tid i alle byar hatt dei som forkynner han; kvar sabbat vert han opplesen i synagogene.»

22. Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile kyrkjelyden, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas; begge desse var vørde menn mellom brørne.

23. Med dei sende dei dette brevet:Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar brørne av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia.

24. Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville med orda sine og gjort dykk urolege. Frå oss har dei inga fullmakt.

25. Difor har vi samrøystes vedteke å velja nokre menn og senda dei til dykk saman med våre kjære brør Barnabas og Paulus,

26. menn som har våga livet for vår Herre Jesu Kristi namn.

27. Så sender vi Judas og Silas; dei skal munnleg bera fram det som står i brevet.

28. Den Heilage Ande og vi har vedteke at det ikkje skal leggjast på dykk andre bører enn det som er naudsynt: