Bibelen 1978-85 Nynorsk

Apostelgjerningane 15:18-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. det som er kjent ¬frå æve av.

19. Difor meiner eg at vi ikkje skal laga vanskar for dei heidningane som vender om til Gud.

20. Men vi skal skriva til dei at dei skal halda seg frå det som er sulka med avgudsdyrking, frå hor, frå kjøt av dyr som er strøypte, og frå blod.

21. For Moses har frå gamal tid i alle byar hatt dei som forkynner han; kvar sabbat vert han opplesen i synagogene.»

22. Då vedtok apostlane og dei eldste, saman med heile kyrkjelyden, å velja ut nokre menn og senda dei til Antiokia i lag med Paulus og Barnabas. Dei valde Judas, som vart kalla Barsabbas, og Silas; begge desse var vørde menn mellom brørne.

23. Med dei sende dei dette brevet:Apostlane og dei eldste, brørne dykkar, helsar brørne av heidningætt i Antiokia, Syria og Kilikia.

24. Vi har fått høyra at nokre som kom frå oss, har gjort dykk rådville med orda sine og gjort dykk urolege. Frå oss har dei inga fullmakt.